Då var det altså avgjort, ein gong for alle. I alle fall for min del, då eg er ein av dei som har vore usikker på akkurat dette.
Tilfeldigvis var eg innom www.aftenposten.no idag, noko eg faktisk sjeldan er. Overskrifta "Du tror kanskje du spiser mandariner?" lyste mot meg. Under sto det "Da tar du feil", og vips så hadde eg trykka meg inn på artikkelen.
Eg veit ikkje om det berre er meg, men eg vart faktisk overraska. Det har ikkje vore seld mandariner i Noreg på 20 år!! Då reknar ein sjølvsagt ikkje med dei hermetiske.
At det har herska full namneforvirring om dette i fleire år er sikkert og visst, i alle fall i min omgangskrets. Lurer på kor mange gonger me har argumentert fram og tilbake om kva som var det rette, sjølv om diskusjonen i dei seinare år har vore noko dempa. Sjølv har eg vel sagt klementiner dei siste 2-3 åra, utan å likevel vere heilt sikker på kvifor og kva som var skilnaden. Uansett har eg alltid vore overbevist om at det var mandariner før, som har blitt klementiner no. Men nei.
20 år? Ergo var eg 5 år då dei slutta å selge mandariner? Kanskje har eg aldri ete mandariner??!!
Det var altså klementiner me åt når me klatra opp på peisen heime kvar gong Gunn Helen var på besøk i vintermånadane. Det var klementiner eg åt altfor mykje av i 2-3 års alderen sjølv om eg var allergisk (prøv å stopp ein 3-åring!). Heldigvis gjekk allergi raskt over, trass unge med lite vet. Difor er det altså klementiner og ikkje mandariner eg framleis aldri kan få nok av. Har eg kanskje faktisk ete mandariner i mine fyrste barndomsår, slik at overgangen til klementiner i butikkane nettopp var årsaken til at eg ikkje var allergisk lenger? Heile barndomsbilete vert faktisk forandra med dette!
Trass feilaktige barndomsminner; veldig greit å få det oppklart. Heldigvis er smaken den same, eventuelt så veit eg kanskje ikkje om nokon annan smak. Nesten litt trist. Eg syns mandariner er eit mykje koselegare ord enn klementiner. Huff og huff...
18 kommentarer:
Jaha, så heiter det kanskje EIGENTLEG klementinar, men eg kjem aldri til å slutte å seie mandarin. Eg tykkjer mandarin kling mykje betre!
Helga Helga... Eg tykkjer du skal tilpasse deg tilhøva!!
Er forresten ikkje klementiner eit framandord...? Tjihi!
Eg bare late så eg aldri leste ditta here eg.... :P
Nå ska det var sagt at Mandarin E også et språk! nemligt det størstedelen i kina og Taiwan snakke! .. barra for å var dritfrekke å kommentera noke så eg absolutt ikkje har noke me
Æsj, Helga har slått opp i den dumma ordboko si...klementiner er ikkje eit fremmedord og derfor burde eg egentlig skreve klementinAR, men da NEKTE eg! Ivar Aasen kan berre snu seg i gravo, eg syns både klementiner og mandariner passe bedre med -er ending enn -ar ending. (Den var litt intern vel og merka).
Ikkje dumt å lata som du aldri leste det GH, eg har full forståing!
Kim Arne e da så egentlig har kommentert her? Syns forresten ikkje kommentaren går inn i kategorien frekk...:) Ut frå dialekto på kommentaren tippe eg Arne kjem frå Karmøy, kanskje Haugesund.
Eg tykkjer heller ikkje at kommentaren var frekk. Dei fleste veit vel at mandarin er eit språk, men det har vel svært lite med denne saken å gjere.
Dersom eg skal halde på mandarin-istadenfor-klementin, så kan vel du få lov til å halde på -er-endinga di, klara.
Dette har jo eg sagt i fleire år! Heilt sidan eg jobba i frukten på Rimi. Men folk har ikkje trudd meg... Kven ler sist nå???
No sit eg på kontoret med lucialys i håret, og en deig til lussekattar hevar ved siden av meg.
Svart senkar natta seg, i stall og stue. Solen har gått sin veg, skuggane true. osv...
Ha ein strålande luciadag!
Takk det same! Lucia er koseleg, eg skal også bake lussekattar idag! For fyrste gong, alt kan jo skje då...:) I dette uvèret må ein lage stemninga sjølv! Svart senker natten seg og haggel DUNDRE på vinduene...
Hehe...
Frå hovudstaden meldar eg om finfint ver, gode lussekattar og god stemning :)
Kjenner at julefreden er i ferd med å senke seg over meg. Herleg! Åt pinnekjøtt og kjøpte julepresangar i går, har vært lucia i heile dag, og skal bake i kveld! Kan det bli beitre?
Eg seier berre: Drit i Tyskland! Kom til Oslo!!
Maybe later alligator! :) Først Deutschland, kanskje Oslo ittepå? Forresten e da billigare å fly fra Tyskland te Oslo enn fra Bergen te Oslo, så då kan eg komma på besøk veit du! (og omvendt sjølvsagt, regne kje der heller!)
Ikkje tvil om at eg i da minsta komme te å vurdera Oslo når eg e ferdigutdanna...om ikkje anna for å tørka opp litt??
http://www.dagbladet.no/vaer/uni/900394228
New York ja, hehe.. elle, eg venta på å flytta te Statene!! =) men ting tar tid sjøl i sjå myndighetene for å sei d sånn.... =)
I går fekk eg for fysste gong prøve å skyte! Det var artig. Eg skaut klementinar, blikkboksar og ein liten mann som satt i et tre. Kjell sa at eg var eit naturtalent. Det likte eg. Neste steg er jegarprøven. Ser for meg at eg kan bli ein storskyttar.
Før det åt eg julemat til eg nesten sprakk, og i dag har eg vondt i magen...
Sånn går da når du ete for masse julemat! Va sikkert ikkje pinnakjøt heller tippe eg, ergo syns eg kje da går inn i kategorien julamat...:)
Eg forstår dåke har lite å sysla med på KRIK-kontoret.
julekonsert i joh.kirka i kveld?
Hei Kari! Eg hadde egentlig tenkt dedt, men så veit eg ikkje om eg har tid / orkar å stå i kø i fleire timar. Du har tenkt deg eller?
Drit bra artikkel, jeg måtte bare innpå an igje, huska an fra eg leste an når an va ny...måte inn og sjekke om det var klementiner eller mandariner, hehe, for vært i flere opplysningsdebatter om det siden....Du skriver så konge, og er troll i ord, ein av de jeg gider å lese!!! Glad i deg Klara!
Post a Comment